Vang Frivilligsentral

Vang frivilligsentral er kommunal og organisert under etat for utdanning og kultur. Dagleg leiar er Marte Tangen, og prosjektleiar Inger Kongslien Tveit er tilsett i 50% frå oktober 21 til juni 22.


Vi ønska å delta i prosjektet fordi vi ser det som viktig og relevant for oss å etablere ein struktur og skape kultur for å fange opp dei som av ulike årsaker fell utanfor. Vi vil gjerne gi frivillige organisasjonar og kommunen eit verktøy for å organisere samarbeidet kring sosialt tilhøyre for sine innbyggjarar, og vi vil vise korleis frivillige kan jobbe for å gi støtte til å etablere og oppretthalde sosiale nettverk.  Kanskje kan vi få til at frivilligsentralen kan bidra i fleire settingar enn i dag?


Inn i frivillighetens år 2022 passar det veldig bra å arbeide med eit slik prosjekt, og gjere frivilligheita tilgjengeleg for enno fleir. 


Arbeidsgruppa vår er samansett av representantar frå eldrerådet, ungdomsrådet, foreldreutvalet og frivillige lag. Kommunen er representert ved miljøarbeider på skulen, leiar for læringssenteret/flyktningetenesta og folkehelsekoordinator, og frivilligsentralen stiller med prosjektleiar.

Her kan du lese meir om satsinga i Vang:

https://www.vangivaldres.no/aktuelt/nyheitsarkiv/frivilligsentralen-med-nytt-og-spennande-prosjekt/


Kontakt

Norges Frivilligsentraler
Markensgaten 35 (3. etasje)
4612 Kristiansand

2018 © Norges Frivilligsentraler